mandag 13. februar 2012

Buss frå Ishavsmuseet til Sunnmøre folkehøgskule

Det vil gå buss frå Ishavsmuseet i Brandal til Sunnmøre folkehøgskule på kvelden/natta kl 02.30.

Om du tenker bli med bussen, er det greit vi får eit vink på det, så vi veit ca kor stor buss vi bør avtale. Bussen kan sjølvsagt gjere stopp undervegs, og eventuelt gå til Ulsteinvik sentrum, om det er ønskeleg.

fredag 10. februar 2012

Godt tilbod frå Sunnmøre Folkehøgskule

I sommarhalvåret (20. mai til 15. august) er Sunnmøre Folkehøgskule gjort om til Ulsteinvik Vandrarheim og sommarhotell.

Dei tilbyr 10 % på overnatting ved gruppebestilling. Alle av våre gjestar får dette tilbodet, ved å seie at de skal i bryllaup til oss (oppgi fullt namn på brudeparet), uavhengig av antall rom. Sunnmøre Folkehøgskule er lokalisert i gamle Ulstein Hotell i Varleite, det er fine rom og god service!

Sidan vi håper dei fleste av våre gjestar som treng overnatting vil velje Sunnmøre Folkehøgskule, satsar vi på å ordne fellestransport frå bryllaupsfesten til SUFH på kvelden/natta.

Vi har prisliste som vi kan sende på epost, om du vil ha. Berre å gi eit vink! 

Alle rom har eige bad og toalett. Dei fleste roma har eigen balkong.

Kontakt for booking:
Telefon: + 47 7000 9600
Mail: ulsteinvik@hihostels.no
Heimesider: www.hihostels.no/ulsteinvik

torsdag 2. februar 2012

Kjolejungelen

Nokon stor draum om kvit og flott kjole har nok bruda aldri hatt.

2012-02-01 13.38.05

Men til eventuelle skeptikarar til om eg kom til å rekke å ordne meg kjole i tide, kan eg no berolige alle – bruda kjem iallfall til å møte opp i kjole denne dagen! Tusen takk til Maria som var med til Ålesund i går!

2012-02-01 13.38.10

Under 6 mnd att til dagen no!