lørdag 31. mars 2012

Konkurranse!

I samband med bryllaupet har vi vore på eit par butikkbesøk der vi har fått gåver. Tenkte derfor vi ville gi vekk ei av gåvene her på bloggen, med ei lita konkurranse blant lesarane.

Kva dato vart vi kjærestar?

  1. 21. juli 2007
  2. 21. april 2007
  3. 21. juni 2008

For å bli med i konkurransa, kan dokke legge igjen svar her som kommentar – eller sende ein epost til annika.brandal@gmail.com.

Edit: Glømte å skrive svarfrist! Vi trekk vinnar måndag 9. april Smilefjes

tirsdag 27. mars 2012

Ishavsbygda Brandal

Vi trives i Brandal – og ei meir aktiv bygd må ein leite etter. Om nokon bryllaupsgjestar vil sjå litt om kva som skjer i bygda anbefalar vi ein tur innom desse sidene:

www.brandalinfo.no – ein portal for bygda Brandal
www.ishavsmuseet.no – Ishavsmuseet Aarvak si nettside
www.ishavsmuseet.blogspot.com – Ishavsmuseet Aarvak sin blogg – med både ferske reportasjer og gamle, gode historier

I dag har vi slept nyheita om hovudprogramposten under årets Brandalsdagar/Aarvak 100 år. Alex Rosen kjem til bygda – og skal holde Ishavsshow på museet. Det blir stor stas!

Helga er 29. august til 2. september – så kom gjerne til Brandal også då!

Fortsatt god veke!

Glad i å filme?

imageEr det nokon av gjestane våre som er glad i å filme – og som kunne tenkt seg å filma vielsen vår – og gjerne litt frå festen også? Isåfall blir vi glad om du vil gi ein lyd!

søndag 18. mars 2012

Bryllaupskveld hos PF Waage

2012-03-13 17.58.12
Sist tysdag var vi på bryllaupskveld på PF Waage. Vi har no sett opp ønskeliste der og hjå Tilbords, men har ikkje fått linken til den på PF Waage endå. Den hos Tilbords er berre såvidt starta på. Legger ut link når det er på plass – du finn det på valet over her, som heiter “Ønskeliste”.
2012-03-13 17.58.29
Mykje fint hjå PF Waage!
2012-03-13 18.00.04
Ulike måtar å dekke på, her litt meir fargar!
2012-03-13 18.15.04

2012-03-13 18.38.57
Fikk også smake litt kaker, alt som skal bestemmast…!
2012-03-13 18.39.06
Dekorative makronar!
Invitasjonane skal vi ikkje avsløre her på bloggen, før dei alle er levert ut! Men vi er iallfall godt nøgde med resultatet! Enkle og fine. 

torsdag 8. mars 2012

Har bestilt invitasjonar

Då er invitasjonane undervegs frå trykking til oss, og snart frå oss til gjestane håper vi!

Tysdag hadde vi møte med Human-Etisk forbund, så det vert humanistisk vigsel. Meir info om det kjem om litt.

søndag 4. mars 2012

4,5 mnd att–invitasjonar kanskje?

No er ting snart på plass, og vi kan etterkvart få ut invitasjonane. I løpet av mars håper vi at dei er ute!

På tysdag skal vi på møte med vigslar og neste tysdag er det bryllaupskveld på PF Waage i Ulsteinvik. Satsar på å få sett opp ei lita gåveliste der etter den kvelden.

Ønsker alle ei god veke!