Viser innlegg med etiketten Hus og heim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hus og heim. Vis alle innlegg

lørdag 14. juli 2012

Velkomne til Øvstevegen 21

01fasade

Vi reknar med at bryllaupsdagen går fort, spesielt for oss som er brudepar, og det er nok mange vi gjerne skulle prata endå meir med enn vi rekk den dagen.

Derfor håper vi at de vil ta turen innom Øvstevegen også, medan de er på desse kantar. Søndag 22. juli inviterer vi bryllaupsgjestane til enkel lunsj i Øvstevegen 21 frå kl 12.00. Vi satsar på sol og finever! Då skal iallfall ikkje plassen vere noko problem.

Ta gjerne med borna også søndagen!

Om det ikkje høver søndagen, er det berre å legge turen innom ein annan dag! Vi tek gjerne imot besøk :)

mandag 4. juni 2012

I huset-oppdatering

Det nærmar seg kanskje innflytting i nytt hus. Soverommet har vore ferdig ei stund, eg har berre ikkje laga før/etter-bilde før no.

soverom_føretter

Elles gjenstår litt finish på kjøkkenet, så er vi ferdig med det vi tenkte å gjere. Det har tatt litt tid, sidan vi ikkje kan vere i huset kvar dag – men det nærmar seg for kvar dag! Vi gler oss!

mandag 7. mai 2012

I huset

Eit rom ferdig, snart litt til.

kontor_føretter

Om nokon vil sjå fleire bilder, har Annika fotodagbok HER. Den er passordbeskytta. “Alle” slepp inn, men vil ha kontroll på kven som les der :)

torsdag 26. april 2012

Husovertakelse i dag!

I dag var det overtakelse på huset vårt! Måtte feire med flagg :) Her er litt av utsikta frå andre etasje.

Det blir ikkje innflytting heilt endå, i morgon går vi laust med litt malarkost. Men om ikkje så lenge blir det flytting også :)

onsdag 11. april 2012

Vår nye utsikt

I påska har vi vore nedom nyehuset. Her er noko av vår nye utsikt, som er gjeldande frå 2. mai. Velkomne på besøk!

2012-04-06 14.44.01

Innover.

2012-04-06 14.44.04

Mot Ålesund.

Bilda er tatt frå terassa. Har også balkong i andre etasje, som gir utsikt av litt meir mot Ålesund blant anna.

torsdag 1. desember 2011

Vi har kjøpt hus!

I lengre tid har drømmen vore å bygge eige hus. Og den drømmen har vi endå, men det tek litt tid før den kan gjennomførast.

01fasade

Det er ingen tvil om at vi ynskjer å bo i Brandal. Huset vi bor i er 100 år gamalt. Kjempekoslig, og eit hus med sjel, som eg er veeldig glad i. Men på vinterstid er tilkomsten litt vel bratt.

02fasade

Vi har, som sikkert fleire har sett på bloggen, ei fantastisk utsikt her vi bor. Og når vi er van med det, er det ikkje kjekt å skulle gi slepp på noko slikt.

03fasade

Det er også grunnen til at vi ser på plassen som drømmeplassen – men så dukka det opp eit hus til sals litt lenger nede i bygda.

04fasade

Eit hus frå 1996, akkurat passe stort, akkurat passe pris og akkurat passe beliggenheit.

07utsikt

Og så har det faktisk ganske grei utsikt også!

08utsikt

Ser ikkje vekk i frå at der er litt meir sol også!

09utsikt

Etter litt tenking fram og tilbake bestemte vi oss for at vi følte at dette var noko vi kunne like!

10stove

Og etter nokre nervepirrande timar i går, kunne vi faktisk feire at huset blir vårt. Overtakelse er først 2. mai, men vi har iallfall noko å gle oss til!

12stove

Ei ny og spennande tid går oss i møte! Det blir nok litt vemodig å flytte frå Leite, men kanskje vi med tida kjem tilbake. Uansett er det berre nokre hundremeter vi flyttar – og vi bor fortsatt i Brandal! DET er det viktigaste for meg iallfall!

26soverom

Bilda er lånt frå salsannonsa på finn.no. Der er litt fleire bilder også.