mandag 26. august 2013

Bryllaupsdagen vår

Eg var tenkt å skrive her på bryllaupsbloggen på eitårsbryllaupsdagen,
men kom på no at eg har glømt det.

IMG_9096-30x40cm

Eit år har verkleg gått fort! Dessverre har ikkje året blitt heilt slik vi tenkte.
Sindre har vore sjukmeld store delar av året. Men vi får håpe og tru at det snart snur!

Vi feira dagen med ein god middag og film heime.

2013-07-21 23.22.43

Det var dagen vår! Smilefjes

mandag 24. desember 2012

God jul!

Med dette bildet, vil eg ynskje alle vennar og kjente – og andre blogglesarar ei retteleg god jul! No er det på tide å finne senga her, og ladde opp til morgondagen!

Pippi og Bjørk (i front på bildet) har omsider funne ut at det er best å vokte pakkar i tre, i staden for å klatre til topps ;)

Vonar alle får ei strålande fin julaft!

torsdag 18. oktober 2012

Bryllaupskaka vår

Eg trur ikkje eg har delt bilder av bryllaupskaka vår. Kaka var laga av Janne Helen Siglevik, og vi kunne ikkje blitt meir fornøgd!

IMAG0260

Fargane på kaka stod til pynten vi hadde elles.

IMAG0261

DSC_0243

DSC_0250

DSC_0251

DSC_0252

DSC_0253

 

Den blei endå finare enn vi såg føre oss, veldig kjekt!

DSC_0098 (2)

Tek med eit bilde av kakebordet vårt til slutt. Tuusen takk til alle som bidrog med nydlige kaker!

Tenk, det er snart tre månadar sidan dagen alt!

tirsdag 31. juli 2012

Bilder frå bryllaupet ♥

DSCN0751Vi har fått ein del bilder frå bryllaupet, og dei har vi lagt ut her: http://foto.annikaogsindre.com/ Tusen takk for alle bilda!

Dei er sortert i album etter kven som har tatt bilda. Vil gjerne ha fleire bilder, så send gjerne. Det blir sjølvsagt ein del nesten like bilder, men det gjer ingenting :) Kan sende bilder på annika.brandal@gmail.com.

Du kan også sjå dei under her, ved å trykke på “play”.

http://foto.annikaogsindre.com/#76
Foto: Marte Husøy (14 bilder)

http://foto.annikaogsindre.com/#77
Foto: Anna Yasmin Berge ( 8 bilder)

http://foto.annikaogsindre.com/#78
Foto: Anja M. Gundersen Brandal (158 bilder)

http://foto.annikaogsindre.com/#79
Foto: Per Ove Mundal/Liv Jorunn Nyhagen (120 bilder)

http://foto.annikaogsindre.com/#80
Foto: Liv Jorunn Nyhagen/Per Ove Mundal (130 bilder)

http://foto.annikaogsindre.com/#81
Foto: Andre Rovde (33 bilder)

http://foto.annikaogsindre.com/#82
Foto: Else Beate Liavåg (42 bilder)

onsdag 25. juli 2012

Tusen takk ♥

Tusen takk for alle som var med å gjorde dagen vår så flott som den blei! Dagen var magisk frå A til Å!

Om nokon har bilder frå dagen, både av brudepar, gjestar, omgivnadar m.m. blir vi veldig glad om de sender dei på epost e.l. til oss! Bruk gjerne annika.brandal@gmail.com då.

Nokre bilder har vi fått alt, deler ein smakebit her. Etterkvart kjem det album på foto.annikaogsindre.com.


Foto: Helge Brandal


Foto: Helge Brandal


Foto: FOA Design


Foto: FOA Design


Foto: Liv Jorunn Nyhagen


Foto: Anja M. Gundersen Brandal

lørdag 14. juli 2012

Velkomne til Øvstevegen 21

01fasade

Vi reknar med at bryllaupsdagen går fort, spesielt for oss som er brudepar, og det er nok mange vi gjerne skulle prata endå meir med enn vi rekk den dagen.

Derfor håper vi at de vil ta turen innom Øvstevegen også, medan de er på desse kantar. Søndag 22. juli inviterer vi bryllaupsgjestane til enkel lunsj i Øvstevegen 21 frå kl 12.00. Vi satsar på sol og finever! Då skal iallfall ikkje plassen vere noko problem.

Ta gjerne med borna også søndagen!

Om det ikkje høver søndagen, er det berre å legge turen innom ein annan dag! Vi tek gjerne imot besøk :)

onsdag 11. juli 2012

Kven tittar innom her?

Dei siste dagane gar besøkstellaren på bloggen gjort store hopp! Legg gjerne att ei helsing i kommentarfeltet så vi ser.kven.som er innom :-)