onsdag 23. mai 2012

søndag 20. mai 2012

Tusen takk, jenter!

Her er nokre glimt frå Annika sitt utdrikkingslag laurdag 19. mai.

Eg er velsigna med ein nydleg bukett med herlege vennar – og gårsdagen fekk eg tilbringe med ein god del av denne buketten! Eg veit også at fleire var med i tankane – og har vore med på planlegginga!

2012-05-19 11.39.16

Set stor pris på alle og ein kvar! Eg kunne ikkje bedt om ein kjekkare dag!

2012-05-19 08.50.03

Om nokon lurer kva som skjer; eg blei overraska tidleg på morgonen med ein flokk agentar som kidnappa meg – til mitt eige utdrikkingslag!

2012-05-19 12.53.10

Eg sel cupcakes i Ulsteinvik, fekk god avkastning – og rykta går om at dei var nydleg gode :)

2012-05-19 12.00.13

Herleg lunsj på KaffiKari!

2012-05-19 17.17.15

Ein tur på Overåsanden med litt heftig vind, så slør m.m. måtte reddast :)

2012-05-19 17.22.43

2012-05-19 19.22.59

Mmmm!

2012-05-19 20.37.51

Nydlig!

2012-05-19 20.37.57

Herleg!

Tusen, tusen takk! Gler meg til å sjå fleire bilder!

fredag 18. mai 2012

Ønskeliste til 21. juli 2012

Først og fremst må vi sei at vi mest av alt gler oss til å dele dagen med vennar og familie. Likevel veit vi at det er fornuftig å ha ei ønskeliste knytta til dagen.

Vi har nokre ønsker som ikkje er knytta til ein spesiell butikk. Med snart nytt hus (mai 2012) er det mykje vi vil få glede av her.

Dersom nokon ynskjer å gi bidrag til noko av dette, blir vi veldig glade for det! Til det formålet har vi oppretta ein gåvekonto i Sparebanken Møre; 3910.43.99766.

Gåvepengar blir brukt til:
  • Snøfresar
  • Gassgrill
  • Garderobeinnredning
  • Diverse møblar til “nyehuset” 
  • Spark = kjøpt!! 
  • Hagemøblar
  • Kullsyremaskin = kjøpt! 
  • Diverse verkty, hagereiskap og verneutstyr
    • Garasjejekk
    • Elektrisk hekksaks, med ledning
    • Batteridreven drill (Black & Decker 14,4V, EPL14KB-QW)
  • Husstigar
  • Handklestativ til golv
  • Brettspelet Ubongo (link) = kjøpt! 
  • Wilfa Vaffeljern (link) = kjøpt! 
  • Meteor steketakke (link), 2000 W, uten kant
  • Putekasse i plast med sete (putekasse som er beregna å kunne sitte på, til dømes Keter putekasse) = kjøpt!!
  • Høyang Polaris Kasserolle, Party 4,5 l
  • Høyang Polaris Kasserolle, Party 3,5 l
  • Universelt opphengssett til garasje, til dømes hos Jernia
  • Samsung mikrobølgeomn ME82VWW = kjøpt!(link)
  • Sengetøy (dyne: 200x220 cm, pute 50x70 cm, laken 150x200)
  • Bryllaupsreise
Vi har også lagt ut ønskeliste hjå Tilbords Ulsteinvik (link) og PF Waage (link). På PF Waage treng du innlogging, for å kome til vår liste. Bruk ID 142289 og pinkode: 9268).

Vi ynskjer pengar på konto framfor gåvekort. Men “merk” gjerne pengane, slik at dei vert som eit gåvekort.

Nokre av tinga som er nemnt på lista over her, er kanskje av mindre art enn anna, og då kanskje noko nokon vil kjøpe. Dersom du har tenkt å kjøpe noko av det som står på lista, er det veldig fint om du kan sjekke med “gåveliste-sjef/sekretær” Maria, så får ho også oppdatert lista! Maria kan treffast på Facebook, på mobil 99 59 71 73 og på epost maria.bigset(krøllalfa)gmail.com.

Dresskode?

Nokre av gjestane våre har spurt om dresskode i bryllaupet vårt. Grunnen til vi ikkje har skreve noko om det i invitasjonane er rett og slett fordi vi ikkje legg opp til noko dresskode.

DU kjem i det du føler deg komfortabel i. Om det er bunad, dress, fotsid kjole, knelang kjole, skjørt, bukse eller anna – vi set pris på alle og ein kvar!

torsdag 17. mai 2012

mandag 14. mai 2012

Har du behov for overnatting?

Som nemnt under valet “Overnatting” har vi ein god avtale med Ulsteinvik vandrarheim og sommarhotell (Sunnmøre folkehøgskule, tidlegare Ulstein hotell).

Her får vi 10 % på all overnatting i samband med bryllaupet, og brudeparet skal også bo her. Vi har reservert nokre rom her. Oppgi derfor at dokke er gjestar i vårt bryllaup ved bestilling av rom, så vil de få fine rom og rabatt på overnattinga. Vi har prisliste som vi kan sende på epost, om du vil ha. Berre å gi eit vink!

Det går buss frå Ishavsmuseet Aarvak til Ulsteinvik vandrarheim på kvelden/natta, les meir her (link).

Vandrarheimen har no opna dørene for sommarsesongen, og vil nok framover merke pågang til overnatting. Dersom du/de tenker å bestille overnatting, lønner det seg å reservere så raskt som råd, for å fortsatt ta del i rabatt-tilbodet vi har fått!

God veke til alle! Her har hausten komt… Iallfall verkar det slik, med kuling og regn Smilefjes

Elkjøp-liste…

Ønskelista vi hadde linka til hos Elkjøp har vi fjerna no. I staden ligg dei produkta på ønskelista her på bloggen, og ønskeliste-sjef Maria ajourfører den (info på ønskeliste-linken over her).
Døme på produkta er rett nok linka til Elkjøp si side, men det er berre meint som døme.
Elkjøp sin gåveliste-funksjon såg i utgangspunktet fin ut, slik som både Tilbords og PF Waage har, men anten fungerer ikkje lista på den måten at butikken kan ajourføre etter noko har blitt kjøpt – eller så manglar dei tilsette opplæring eller vilje på å gjere det. Ergo er vitsen vekke! Då er Maria både flinkare og kjekkare ;)

mandag 7. mai 2012

I huset

Eit rom ferdig, snart litt til.

kontor_føretter

Om nokon vil sjå fleire bilder, har Annika fotodagbok HER. Den er passordbeskytta. “Alle” slepp inn, men vil ha kontroll på kven som les der :)