onsdag 28. desember 2011

fredag 23. desember 2011

God jul - julebrev 2011

Dette brevet skulle ha komt i posten til nokre, men dessverre har ikkje det komt fram til alle… det kjem i romjula!

Kjære vennar og familie!

No skriv vi atter ein gong desember, og julehøgtida er snart rundt hjørnet. Julesnøen ligg kvit og fin på Sunnmøre (iallfall låg den når dette blei skreve, men før det blir posta er den nesten vekke), og gir ei fin ramme på desembermånaden, slik at vi kjem i rett førjulsstemning. Håper fleire har funne roa og kosar seg med juleforberedelsane!

clip_image002

I år vert det julebrev i staden for det etterkvart så tradisjonelle julekortet frå oss i Leite. For dei som av og til har fått Mitzi-kalender, vert det ingen kalender i år.

For tre-fire veker sidan tenkte eg at eg måtte snart sjå om vi hadde noko bilder til årets julekort og kalender, eller kanskje supplere litt. Eg rakk og tenke tanken, men 17. november forsvant Mitzi. Vi veit ikkje kva som har skjedd med ho.

Vi har leita og leita, ropt og delt ut løpesedlar, utan å finne ho. Kanskje kjem ho heim ein dag, men mest truleg har ho forlatt oss for godt, heller ufrivillig :( Mitzi var/er eit familiemedlem, og vi saknar ho. Heldigvis har ho gitt oss gode minner!

Men oppi det triste med å miste Mitzi, skjer det litt gladsaker også hos oss!

01fasade

Etter at Mitzi forsvant bestemte vi oss for å gå på visning på eit hus i Brandal, og 2. mai 2012 flyttar vi inn i nytt hus. Eit hus frå 1996, med nesten like fin utsikt som vi har i Leite. Det blir rart og litt vemodig å skulle flytte frå Leite, men vi gler oss til ei ny epoke med bolig!

Når vi etterkvart har komt oss i orden i nyehuset, flyttar vi oss ned til sjøen for ein dag, nærmare bestemt på Ishavsmuseet laurdag 21. juli, og inviterer familie og vennar til bryllaupsfest!

Som den bloggaren Annika er, har vi sjølvsagt laga bryllaupsside – og det er på den du er inne no å les! Lagre gjerne adressa, her vil det kome litt meir etterkvart. Her ligg også fleire bilder av nyehuset! www.annikaogsindre.com.

Vi håper alle nære og kjære får ei fredfull og god julehøgtid, og eit innholdsrikt og godt 2012.

clip_image002[6]

Juleklemmar frå Annika & Sindre

søndag 11. desember 2011

Ønskeliste–jul, bursdag og neste sommar…

Legg dette innlegget på bryllaupsbloggen, fordi det er aktuelt både til jul og bursdag no, men også til neste sommar!

Greit å ha det i eit blogginnlegg, slik at vi kan oppdatere etterkvart, om vi kjem på noko meir.

Det nærmar seg den tida på året eg syns er både kjekk, kosleg og litt vanskleg.  Kjekk og kosleg fordi “den største gleda du kan ha, er å gjere andre glad” – og det er kosleg å gi vekk noko som gleder til andre. Vanskleg fordi spørsmåla kjem om kva vi ønskar oss til jul og bursdag, og snart må vi også tenke ut kva vi ønskar oss i bryllaupsgåve også. Samtidig er vi både heldige og priviligerte som kan kome med ønske/tips.

Først av alt må eg sei at vi blir glad for absolutt alt vi får, uansett om det står på ei ønske-/tipsliste eller ei. Heimelaga gåver er absolutt kjekt, og det er heilt sikkert fleire ting vi ikkje kjem på at det går an å ønske seg.

Det er enklast å seie kva eg sjølv ønsker meg, noko av det er heilt sikkert fornuftig å kjøpe samla til oss begge også.

  • Willow Tree-figurar (bl.a. Ringstad Blomster)
  • Kruser frå Bastion Collection (bl.a. Cute N Cool)
  • Sammenleggbare gryteunderlag 
  • Hårfønar
  • Pilates DVD (denne)
  • Duk/løpar (bord 1,5 m-2m)
  • Lestar, både ull og vanleg
  • Platinum frå Tilbords (har liste på Tilbords)
  • Diverse som er etande og drikkande
  • Heimelaga gåver
  • Pengar. Vi har, som dei fleste veit, kjøpt hus, og det er heilt sikkert både eit og hitt som er kjekt i eit nytt hus, men pr no har vi ikkje oversikt. Har derfor oppretta ein interiørkonto; 6580.16.97547.

NB! Sindre og/eller Maria har kontroll om noko av dette har blitt kjøpt allereie, så det er lurt å sjekke med ein av dei for å unngå fleire av same!

torsdag 1. desember 2011

Vi har kjøpt hus!

I lengre tid har drømmen vore å bygge eige hus. Og den drømmen har vi endå, men det tek litt tid før den kan gjennomførast.

01fasade

Det er ingen tvil om at vi ynskjer å bo i Brandal. Huset vi bor i er 100 år gamalt. Kjempekoslig, og eit hus med sjel, som eg er veeldig glad i. Men på vinterstid er tilkomsten litt vel bratt.

02fasade

Vi har, som sikkert fleire har sett på bloggen, ei fantastisk utsikt her vi bor. Og når vi er van med det, er det ikkje kjekt å skulle gi slepp på noko slikt.

03fasade

Det er også grunnen til at vi ser på plassen som drømmeplassen – men så dukka det opp eit hus til sals litt lenger nede i bygda.

04fasade

Eit hus frå 1996, akkurat passe stort, akkurat passe pris og akkurat passe beliggenheit.

07utsikt

Og så har det faktisk ganske grei utsikt også!

08utsikt

Ser ikkje vekk i frå at der er litt meir sol også!

09utsikt

Etter litt tenking fram og tilbake bestemte vi oss for at vi følte at dette var noko vi kunne like!

10stove

Og etter nokre nervepirrande timar i går, kunne vi faktisk feire at huset blir vårt. Overtakelse er først 2. mai, men vi har iallfall noko å gle oss til!

12stove

Ei ny og spennande tid går oss i møte! Det blir nok litt vemodig å flytte frå Leite, men kanskje vi med tida kjem tilbake. Uansett er det berre nokre hundremeter vi flyttar – og vi bor fortsatt i Brandal! DET er det viktigaste for meg iallfall!

26soverom

Bilda er lånt frå salsannonsa på finn.no. Der er litt fleire bilder også.

torsdag 21. juli 2011

21. juli 2012

I dag er det eit år att til den store dagen! Ein del er alt på plass, men det meste står vel att.

IMG764

Ingen planar om stress, det blir ein flott dag uansett!

Fyl med på bloggen, så kjem her litt oppdateringar etterkvart SmilefjesFortsatt god sommar, så lenge!

mandag 18. juli 2011

Bli kjent med oss?

Ein del av gjestane våre kjenner naturligvis best den eine av oss. Tenkte vi kunne starte bloggen med litt rask “bli kjent med oss”-fakta Smilefjes

image

Vi bor i Brandal, i Leitegrenda, i barndomsheimen til Annika sin pappa. Her har Annika bodd sidan 2006 og Sindre sidan 2007. Saman med oss bur Dronning Mitzi av Leite, den kjekke, firbeinte vennen vår.

Mai 113

Vi har vore saman sidan april 2007, og som kanskje dei fleste forstår når dei høyrer kor vi jobbar, blei vi kjent i gangane på Ulstein rådhus. Forlova oss gjorde vi 9. september 2009.

Annika jobbar i Ulstein kommune, som kulturkonsulent, er glad i foto og dyr, og elles aktiv blant anna som politikar for Hareid Venstre og som leiar i Brandal Vel.

Sindre jobbar også i Ulstein kommune som IT-konsulent og kinomaskinist, og brukar gjerne fritida si på oppussing, bowling, innebandy og Manchester United.

imageOm du tittar innom kvardagsbloggen til Annika, ser du litt av det vi styrer med i kvardagen. Bloggen finn du her: http://annika81.blogspot.com/

torsdag 23. juni 2011

Fotograf

Vi har faktisk booka fotograf til dagen. Sendte ein epost berre for å spør når det var muleg å booke dei, og dei kunne seie ja allereie då, så då er iallfall det også i boks Smilefjes

Vi har booka FOA Design frå Fosnavåg, og er godt nøgd med at dei hadde muligheit!

image

søndag 13. mars 2011

Planlegging av den store dagen

imageVi skriv mars 2011, og det er omlag 1,5 år til vi har planlagt bryllaup. Det er lenge til, men samtidig går tida fort, og det er forhåpentligvis ingen ulempe å vere ute i litt god tid. Lokalet er reservert, gjestelista er nokon lunde på plass og tankar om mat er på plass. Resten tek vi etterkvart!

Sidan vi har ein del gjestar som vert tilreisande, satsar vi på å få ut datoen i god tid til dei fleste, og ser på den som spikra no. Foreløpig er her nok ingen lesarar på bloggen vår. Men det kjem nok Smilefjes