torsdag 28. juni 2012

Det nærmar seg

IMG_20120616_143016

Detaljane fell stadig på plass no, det nærmar seg den store dagen med stormskritt.

Denne veka har vi fått ordna antrekk til brudgommen, levert kjolen til bruda til justering, kjøpt sko til bruda, bestilt blomar, bryllaupskake, handla litt mat- og drikkevarer – og planlagt bordkart.

Om du kan tenke deg å lage ei kake til oss på dagen, blir vi veldig glad for det. Det er berre å gi ein lyd :)

Vi tek ferie om litt over ei veke. Det skal bli fint! Og då er det berre to veker att til dagen! Vi gler oss.

torsdag 21. juni 2012

Forlovarar og toastmaster

image image
Annika sin forlovar: Maria Hjørungdal Bigset, mobil 99 59 71 73
Sindre sin forlovar: Stian Runne Brandal, mobil 977 55 425

Toastmaster: Harald Knutsen, mobil 907 43 357

Om du ynskjer å seie noko denne dagen, kan du avtale det med toastmasteren.

mandag 4. juni 2012

I huset-oppdatering

Det nærmar seg kanskje innflytting i nytt hus. Soverommet har vore ferdig ei stund, eg har berre ikkje laga før/etter-bilde før no.

soverom_føretter

Elles gjenstår litt finish på kjøkkenet, så er vi ferdig med det vi tenkte å gjere. Det har tatt litt tid, sidan vi ikkje kan vere i huset kvar dag – men det nærmar seg for kvar dag! Vi gler oss!