tirsdag 31. juli 2012

Bilder frå bryllaupet ♥

DSCN0751Vi har fått ein del bilder frå bryllaupet, og dei har vi lagt ut her: http://foto.annikaogsindre.com/ Tusen takk for alle bilda!

Dei er sortert i album etter kven som har tatt bilda. Vil gjerne ha fleire bilder, så send gjerne. Det blir sjølvsagt ein del nesten like bilder, men det gjer ingenting :) Kan sende bilder på annika.brandal@gmail.com.

Du kan også sjå dei under her, ved å trykke på “play”.

http://foto.annikaogsindre.com/#76
Foto: Marte Husøy (14 bilder)

http://foto.annikaogsindre.com/#77
Foto: Anna Yasmin Berge ( 8 bilder)

http://foto.annikaogsindre.com/#78
Foto: Anja M. Gundersen Brandal (158 bilder)

http://foto.annikaogsindre.com/#79
Foto: Per Ove Mundal/Liv Jorunn Nyhagen (120 bilder)

http://foto.annikaogsindre.com/#80
Foto: Liv Jorunn Nyhagen/Per Ove Mundal (130 bilder)

http://foto.annikaogsindre.com/#81
Foto: Andre Rovde (33 bilder)

http://foto.annikaogsindre.com/#82
Foto: Else Beate Liavåg (42 bilder)

onsdag 25. juli 2012

Tusen takk ♥

Tusen takk for alle som var med å gjorde dagen vår så flott som den blei! Dagen var magisk frå A til Å!

Om nokon har bilder frå dagen, både av brudepar, gjestar, omgivnadar m.m. blir vi veldig glad om de sender dei på epost e.l. til oss! Bruk gjerne annika.brandal@gmail.com då.

Nokre bilder har vi fått alt, deler ein smakebit her. Etterkvart kjem det album på foto.annikaogsindre.com.


Foto: Helge Brandal


Foto: Helge Brandal


Foto: FOA Design


Foto: FOA Design


Foto: Liv Jorunn Nyhagen


Foto: Anja M. Gundersen Brandal

lørdag 14. juli 2012

Velkomne til Øvstevegen 21

01fasade

Vi reknar med at bryllaupsdagen går fort, spesielt for oss som er brudepar, og det er nok mange vi gjerne skulle prata endå meir med enn vi rekk den dagen.

Derfor håper vi at de vil ta turen innom Øvstevegen også, medan de er på desse kantar. Søndag 22. juli inviterer vi bryllaupsgjestane til enkel lunsj i Øvstevegen 21 frå kl 12.00. Vi satsar på sol og finever! Då skal iallfall ikkje plassen vere noko problem.

Ta gjerne med borna også søndagen!

Om det ikkje høver søndagen, er det berre å legge turen innom ein annan dag! Vi tek gjerne imot besøk :)

onsdag 11. juli 2012

Kven tittar innom her?

Dei siste dagane gar besøkstellaren på bloggen gjort store hopp! Legg gjerne att ei helsing i kommentarfeltet så vi ser.kven.som er innom :-)

tirsdag 10. juli 2012

Fotografmøte

Det er litt forskjellig som skal gjerast før bryllaup.

I dag har vi vore i Fosnavåg på møte med Foa Design, som skal ta bryllaupsbilda våre. Trur nok det blir bra. Håper berre veret er med oss, så vi kan få ta bilder utandørs :-)

Om ei veke kjem dei første gjestane! Tida går fort no. Deilig med ferie!

mandag 9. juli 2012

Pingvinen Sindre


I helga arrangerte kjekke karar utdrikkingslag for Sindre, og dei hadde ein innholdsrik og fin dag på Hareid, i Ålesund og i Brandal. Dei avslutta kvelden i gamlehuset vårt, i Leite.

Sindre var så heldig å få gå utkledt som pingvin stort sett heile dagen, og han storkosa seg! Veit ikkje heilt om karane hadde forutsett det ;)

No har vi begynt på ferie, og i dag har vi fått unna ein del småærend. Bordkort er snart på plass, vin er bestilt og alkoholfri drikke er handla inn. Det meste av maten er bestilt no, og bryllaupskaka er i boks.

Får ofte spørsmål om vi er stressa no? Men det er vi nok ikkje. Det viktigaste er på plass, og vi er heilt sikre på at det blir ein kjekk dag uansett! Men det er sjølvsagt kjekt å få på plass dei siste små detaljane også :)

God veke til alle!

tirsdag 3. juli 2012

Vielsen - open for gjestar og andre kjente

 

0_1Vi skal, som kjent, ha humanistisk vielse i Aarvakbygget.

Vi har valt at vielsen skal vere open både for inviterte gjestar og andre kjente.

Vielsen er laurdag 21. juli kl 14.00 i Aarvakbygget i Brandal, ved Ishavsmuseet Aarvak.

Velkomne :)