torsdag 26. april 2012

Husovertakelse i dag!

I dag var det overtakelse på huset vårt! Måtte feire med flagg :) Her er litt av utsikta frå andre etasje.

Det blir ikkje innflytting heilt endå, i morgon går vi laust med litt malarkost. Men om ikkje så lenge blir det flytting også :)

lørdag 21. april 2012

Jubileum–og 3 månadar att til den store dagen!

NB! Also a bit in English for our guests from Netherland!

2012-04-15 21.39.29

I dag har vi jubileum – det er fem år sidan vi blei kjærastar! Og det er berre tre månadar att til den store dagen! Tida går fort no!

Svara frå gjestar kjem fortløpande. Dessverre er det nokon som ikkje kan kome, men heldigvis er det mange som både vil og har høve til å dele dagen saman med oss. Det gler vi oss veldig til!

---

Four of our guest live in Netherland (+ two that couldn’t make it), so I thought it was time to put a little greeting for Erna, Bert, Marleen, Jonathan, Frida and Rob here! We really look forward to see you all in Brandal! We hope that Frida and Rob find another time to come to visit.

Wish you all a great weekend!

---

God helg, alle saman!

Legg gjerne igjen ei helsing til oss Smilefjes

søndag 15. april 2012

Humanistisk vigsel

Vi har valgt humanistisk vigsel til den store dagen vår. For mange er dette ei ukjend vigsleform. Tenkte derfor det kunne vere greit å skrive litt om det på forhand.

Ingen av oss såg på det som naturleg å gifte oss i kyrkja, då vi ikkje føler oss komfortable med å skulle love å leve med Bibelen som ein naturleg del av livet vårt. Vi ønskte derfor ein vigsel som ikkje var basert på religion.

Vigselen vert innandørs, i Aarvak-bygget ved Ishavsmuseet. Vi vonar det vil bli ei fin ramme rundt vigselen.

Human-Etisk forbund skriv om Humanistisk vigsel:
“Humanistisk vigsel er muligheten til å gifte seg innenfor rammene av en høytidelig seremoni, preget av kjærlighet, glede og verdighet.

Vigselen, med Human-Etisk Forbund (HEF) sitt eget formular, inngår i en vakker og stemningsfull seremoni som både feirer og bekrefter at to mennesker velger hverandre. Seremonien er knyttet til livssynshumanismen og er dermed ikke livssynsnøytral.

Utgangspunktet er paret selv og de humanistiske verdier de ønsker å bygge sitt samliv på - kjærlighet, likeverd, gjensidig respekt og toleranse. HEFs Landsstyre har vedtatt retningslinjer som gjelder for Humanistisk vigsel.

Inngåelse av Humanistisk vigsel bekrefter den juridiske og etiske avtalen paret inngår med hverandre og med samfunnet. 

Forbundets vigselsrett gjelder bare innenfor landets grenser, så vi har kun seremonier i Norge. Seremonitilbudet gjelder bare for reelle vigsler, å lage seremonier for såkalt fornyelse av ekteskapsløfter er ikke innenfor vårt tilbud.”

torsdag 12. april 2012

Planleggingsmøte med Ishavsmuseet

I dag har vi hatt eit lite planleggingsmøte med Ishavsmuseet. Dei huska heldigvis på oss! Neida, ingen fare. Det har vore klart leenge!

Det er kjekt å føle at vi verkleg har valt rett plass å feire dagen vår på! Vi gler oss verkleg til å dele den med alle “dokke” – på museet!

onsdag 11. april 2012

Vår nye utsikt

I påska har vi vore nedom nyehuset. Her er noko av vår nye utsikt, som er gjeldande frå 2. mai. Velkomne på besøk!

2012-04-06 14.44.01

Innover.

2012-04-06 14.44.04

Mot Ålesund.

Bilda er tatt frå terassa. Har også balkong i andre etasje, som gir utsikt av litt meir mot Ålesund blant anna.

mandag 9. april 2012

Vinnarar!!

Då har vi trekt vinnar av konkurransa vår.

Rett svar, som nokre huska, og andre fann på Facebook – var 21. april 2007. Føler meg litt ond som la ut 21. juli som eit alternativ også, for då var det lett å gå for det… Men vi har altså 5 års-jubileum denne månaden!

Vi tok rett og slett å trekte tre vinnarar!

Første vinnar er Hilde Liabø – som hadde heilt rett svar.

IMG_5840

Du skal få ein liten telysestake frå Orrefors Sweden, bilde over, kun tent på for bildet si skyld.

Andre vinnar er Annka B. Rovde – som også hadde heilt rett svar.

IMG_5847

Ei lita skål frå Villeroy & Boch, som kan brukast anten til telys eller til noko småting.

Siste vinnar er Marte Husøy, som også hadde rett svar.

IMG_5849

Til deg blei det ein søt elefant-nøkkelring frå Georg Jensen.

Stian R. Brandal blei egentlig også trekt ut som vinnar – men hadde feil svar. Men om du kjem på besøk, skal du få deg ein trøstepremie i form av ein god kopp kaffi :)

Kom på besøk – så får dokke premiane! :)

Siste sjanse for konkurranse!!

I dag er siste sjanse for å bli med på konkurransa her! Gjengir innlegget under. Vi trekk ein vinnar etter kl 21.00 i kveld, så send inn svar før det! Nokre har svart rett, nokre har svart feil Smilefjes som blunker

I samband med bryllaupet har vi vore på eit par butikkbesøk der vi har fått gåver. Tenkte derfor vi ville gi vekk ei av gåvene her på bloggen, med ei lita konkurranse blant lesarane.

Kva dato vart vi kjærestar?

  1. 21. juli 2007
  2. 21. april 2007
  3. 21. juni 2008

For å bli med i konkurransa, kan dokke legge igjen svar her som kommentar – eller sende ein epost til annika.brandal@gmail.com.

Vi trekk vinnar måndag 9. april Smilefjes

tirsdag 3. april 2012

Matallergi/-intolleranse?


imageVi vil gjerne legge til rette for at alle våre gjestar får ein kjekk dag saman med oss. Dersom du er gjest, og har matallergi/-intolleranse av noko slag, set vi pris på om du seier frå til oss om det i god tid før bryllaupet.

Iom vi serverer koldtbord, regnar vi med det skal vere enkelt å legge til rette for alle!