mandag 9. juli 2012

Pingvinen Sindre


I helga arrangerte kjekke karar utdrikkingslag for Sindre, og dei hadde ein innholdsrik og fin dag på Hareid, i Ålesund og i Brandal. Dei avslutta kvelden i gamlehuset vårt, i Leite.

Sindre var så heldig å få gå utkledt som pingvin stort sett heile dagen, og han storkosa seg! Veit ikkje heilt om karane hadde forutsett det ;)

No har vi begynt på ferie, og i dag har vi fått unna ein del småærend. Bordkort er snart på plass, vin er bestilt og alkoholfri drikke er handla inn. Det meste av maten er bestilt no, og bryllaupskaka er i boks.

Får ofte spørsmål om vi er stressa no? Men det er vi nok ikkje. Det viktigaste er på plass, og vi er heilt sikre på at det blir ein kjekk dag uansett! Men det er sjølvsagt kjekt å få på plass dei siste små detaljane også :)

God veke til alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne ei helsing til oss her :) Ønske alle ein fin dag :)