fredag 23. desember 2011

God jul - julebrev 2011

Dette brevet skulle ha komt i posten til nokre, men dessverre har ikkje det komt fram til alle… det kjem i romjula!

Kjære vennar og familie!

No skriv vi atter ein gong desember, og julehøgtida er snart rundt hjørnet. Julesnøen ligg kvit og fin på Sunnmøre (iallfall låg den når dette blei skreve, men før det blir posta er den nesten vekke), og gir ei fin ramme på desembermånaden, slik at vi kjem i rett førjulsstemning. Håper fleire har funne roa og kosar seg med juleforberedelsane!

clip_image002

I år vert det julebrev i staden for det etterkvart så tradisjonelle julekortet frå oss i Leite. For dei som av og til har fått Mitzi-kalender, vert det ingen kalender i år.

For tre-fire veker sidan tenkte eg at eg måtte snart sjå om vi hadde noko bilder til årets julekort og kalender, eller kanskje supplere litt. Eg rakk og tenke tanken, men 17. november forsvant Mitzi. Vi veit ikkje kva som har skjedd med ho.

Vi har leita og leita, ropt og delt ut løpesedlar, utan å finne ho. Kanskje kjem ho heim ein dag, men mest truleg har ho forlatt oss for godt, heller ufrivillig :( Mitzi var/er eit familiemedlem, og vi saknar ho. Heldigvis har ho gitt oss gode minner!

Men oppi det triste med å miste Mitzi, skjer det litt gladsaker også hos oss!

01fasade

Etter at Mitzi forsvant bestemte vi oss for å gå på visning på eit hus i Brandal, og 2. mai 2012 flyttar vi inn i nytt hus. Eit hus frå 1996, med nesten like fin utsikt som vi har i Leite. Det blir rart og litt vemodig å skulle flytte frå Leite, men vi gler oss til ei ny epoke med bolig!

Når vi etterkvart har komt oss i orden i nyehuset, flyttar vi oss ned til sjøen for ein dag, nærmare bestemt på Ishavsmuseet laurdag 21. juli, og inviterer familie og vennar til bryllaupsfest!

Som den bloggaren Annika er, har vi sjølvsagt laga bryllaupsside – og det er på den du er inne no å les! Lagre gjerne adressa, her vil det kome litt meir etterkvart. Her ligg også fleire bilder av nyehuset! www.annikaogsindre.com.

Vi håper alle nære og kjære får ei fredfull og god julehøgtid, og eit innholdsrikt og godt 2012.

clip_image002[6]

Juleklemmar frå Annika & Sindre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne ei helsing til oss her :) Ønske alle ein fin dag :)