mandag 14. mai 2012

Har du behov for overnatting?

Som nemnt under valet “Overnatting” har vi ein god avtale med Ulsteinvik vandrarheim og sommarhotell (Sunnmøre folkehøgskule, tidlegare Ulstein hotell).

Her får vi 10 % på all overnatting i samband med bryllaupet, og brudeparet skal også bo her. Vi har reservert nokre rom her. Oppgi derfor at dokke er gjestar i vårt bryllaup ved bestilling av rom, så vil de få fine rom og rabatt på overnattinga. Vi har prisliste som vi kan sende på epost, om du vil ha. Berre å gi eit vink!

Det går buss frå Ishavsmuseet Aarvak til Ulsteinvik vandrarheim på kvelden/natta, les meir her (link).

Vandrarheimen har no opna dørene for sommarsesongen, og vil nok framover merke pågang til overnatting. Dersom du/de tenker å bestille overnatting, lønner det seg å reservere så raskt som råd, for å fortsatt ta del i rabatt-tilbodet vi har fått!

God veke til alle! Her har hausten komt… Iallfall verkar det slik, med kuling og regn Smilefjes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne ei helsing til oss her :) Ønske alle ein fin dag :)