mandag 14. mai 2012

Elkjøp-liste…

Ønskelista vi hadde linka til hos Elkjøp har vi fjerna no. I staden ligg dei produkta på ønskelista her på bloggen, og ønskeliste-sjef Maria ajourfører den (info på ønskeliste-linken over her).
Døme på produkta er rett nok linka til Elkjøp si side, men det er berre meint som døme.
Elkjøp sin gåveliste-funksjon såg i utgangspunktet fin ut, slik som både Tilbords og PF Waage har, men anten fungerer ikkje lista på den måten at butikken kan ajourføre etter noko har blitt kjøpt – eller så manglar dei tilsette opplæring eller vilje på å gjere det. Ergo er vitsen vekke! Då er Maria både flinkare og kjekkare ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne ei helsing til oss her :) Ønske alle ein fin dag :)